3783.jpg

Tina Tollaksvik

lærer i norsk og sosiologi og sosialantropologi

E-post: tinto@stpaulgymnas.no

Eg vaks opp på Bømlo, men bestemte meg for å forlate øyparadiset for å studere i 2007. Først gjekk eg eitt år på folkehøgskule i Trøndelag, der interessa mi for kulturar og kulturforsjellar vart vekka, noko som førte til at eg starta å studere sosialantropologi i Bergen året etter.  Eg fant etter kvart at eg ville bli lærar, og starta å studere nordisk for å ha meir enn eitt undervisningsfag. Lite visste eg at det skulle bli så gøy å studere at eg endte opp med mastergraden min i nordisk språk og litteratur med eit spesialfelt i personnamn. Seks nydelige år blei det på UiB før eg var ferdig med PPU i 2014 og starta å arbeide som lærar. 

Eg fann vegen til St. Paul gymnas i 2015, og her trivst eg veldig godt. Det eg likar best med skulen er at den verken er for stor, eller for liten, noko som fører til eit unikt miljø. Det er viktig for meg at alle elevar føler seg sett, og like viktig som det faglege, er det sosiale. 

 Når eg ikkje er på jobb, likar eg å trene og å gå på fjellturar. Eg er mamma til ein liten gut på eitt år, og me har akkurat flytta til Sædalen der oppussing også tar ein del av tida mi. Men livet er best når roen har senka seg på kvelden, og eg kan ta fatt på strikketøyet og ein god serie saman med sambuaren min. 

 

manage cookies