Informasjon fra Skyss

Informasjon om aktuelle smitteverntiltak for skuleskyssen

Regjeringa har innført forsterka tiltak og raudt nivå for alle vidaregåande skular i ring 2 (Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Eidfjord, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Vaksdal, Voss og Øygarden) frå 7. februar klokka 18.00 til og med 14. februar.

Førebels har dei vidaregåande skulane i Bergen, Kvam og Ulvik (ring 1) digital undervisning, men så snart smittesituasjonen tillèt det og dei opnar på raudt nivå, gjeld dette også dei.

På raudt nivå gjeld følgande retningslinjer for transport og skoleskyss på vidaregåande:

• Offentleg transport bør avgrensast, men elevar som er avhengige av skuleskyss kan ta buss eller anna transport for å kome seg til skulen. Elevane må halde avstand medan dei ventar på bussen/anna transport. • Det er alltid tilrådd å halde minst ein meter avstand der det er mogleg, men alle passasjerar kan fråvike regelen på reiser under ein time. Sitjeplassar skal prioriterast framfor ståplassar på buss så langt dette er mogleg. Elevane bør unngå kontakt ansikt til ansikt. Dei kan til dømes løyse dette ved å sitje saman skulder ved skulder (uavhengig av kohortar). Dette gjeld både for skuleskyss utført med buss og med drosje.

• Skuleelevar skal i tillegg følgje nasjonale/lokale anbefalingar eller påbod om munnbind. Fram til og med 14. februar gjeld eit slikt påbod for alle over 12 år mellom anna når det ikkje er mogleg å holde minst ein meter avstand på kollektivtransport og i innandørs stasjonsområde. Det gjeld òg generelt i drosje. Dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind er ikkje omfatta av påbodet.

• Bussjåførane vil ikkje ha høve til å følgje opp om elevane følgjer anbefalingar eller påbod som til dømes påbodet om bruk av munnbind.

• Elevar skal ikkje reise med skuleskyssen ved mistanke om smitte, eller milde sjukdomssymptom. For alle skular gjeld at einskilde elevar med særskilde behov etter avtale kan vere på skulen og dei har då framleis rett på skuleskyss. Skulane må melde dette inn til den einskilde drosjeoperatør.

Retningslinene for skuleskyss i smittevernrettleiarane for skular (Udir) er samordna med nasjonale/lokale retningslinjer for kollektivtransport. Nasjonale og lokale retningslinjer for kollektivtransport er gjeldande for skuleskyssen, både på gult og på raudt nivå for alle trinn i skulen. I praksis inneber dette at kapasiteten i skuleskyssen per i dag er den same som tidlegare, sjølv om det er innført raudt nivå i skulen.

Frå regjeringa er det gjeve tydelege føringar på at det å få elevane til og frå skulen har høg prioritet, og det er frå Statsforvaltaren i Vestland gjeve uttrykk for at siste oppdatering av retningslinene for skuleskyss må tolkast utvidande samanlikna med tidlegare retningslinjer. Dersom lokale eller nasjonale myndigheiter tilrår at berre anna kvart sete blir nytta i kollektivtrafikken generelt, kan elevar i vidaregåande elevar likevel sitje saman med elevar frå same hushaldning. Dette gjeld uavhengig av rådet om ein meter avstand.

Spørsmål kan bli retta til skoleskyss@skyss.no eller per telefon 55 55 90 70, tasteval 2 – skuleskyss.

manage cookies