Theresa Robberstad

livsmestringsrådgiver og lærer engelsk 2

E-post: Marro@stpaulgymnas.no

Theresa voks opp i Newport Beach i California med behagelege sommartemperaturar året rundt, og reiste til Noreg som nysgjerrig utvekslingsstudent som 18-åring. I Noreg fant ho sin store kjærleik, noko som gjorde at ho seinare slo seg ned her og fekk tre born. Theresa har budd på Voss i over 20 år og flytta til Bergen i 2013. Ho byrja ved St. Paul gymnas i 2013 og har dermed følgt skulen frå dens tidlege barndom.

Med utdanning frå Berkeley University i California og vidareutdanning i Noreg, har Theresa hovedfag i engelsk og undervisningskompetanse i engelsk, psykologi og religion og etikk. Theresa har ein sterk faglig nysgjerrigheit, og ho les mykje fersk faglitteratur innan psykologi og religion. Dette gjer ho fagleg oppdatert, samt at det gjer at ho kan jobba mot målet sitt om å få elevar til å sjå samanhengar i og mellom fag. Å sjå korleis ulike fag samspelar og vekselverkar er ein viktig del av det å gå på skule og det å bli utdanna til dagens samsansatte samfunn. Fokuset på koplingar og det å søkja ei større meining ligg derfor Theresa sitt lærarhjarte nært.

Utover si evne til å tilrettelegga for at elevar ser dei småe og store samanhengar, har ho ei evne til å sjå kvar enkelt elev. Theresa prøver å vise varme og omsorg for elevar, og hennar glede og interesse for jobben skin veldig gjennom.

I tillegg til å undervise i engelsk, er Theresa Livsmestringsrådgiver på gymnaset. Du kan leser med om livsmestringsrådgivning her.

manage cookies